onsdag, februar 20

Parkeringshus under Youngstorget

Stian Oen hadde forleden en utmerket kommentar på sin blogg, som jeg velger å klippe inn her i sin helhet:

"Eigarane av dei store kontorbygga rundt Youngstorget i Oslo går no saman om å søkje om å få byggje underjordisk parkeringshus under torget, med plass til 450 bilar. Dette skal erstatte 350 parkeringsplassar som finns i tilknyting til Youngstorget i dag. Dagleg leiar i utviklingsselskapet for parkeringshuset, den profilerte Ap-politikaren Steinar Saghaug, argumenterer mellom anna for det underjordiske parkeringshuset med at det vil trengast mange fleire parkeringsplassar i område rundt Youngstorget i framtida.

At Youngstorget og bygga som krinsar rundt torget vil vere attraktivt også i tida som kjem er eg også overbevist om. Men at det difor trengs eit flunka nytt parkeringsanlegg med plass til 100 fleire parkeringsplassar enn i dag er det ikkje umiddelbart heilt enkelt å sjå.

For det fyrste finns det allereie fleire parkeringshus i nærleiken av Youngstorget, der det framleis er godt med ledig kapasitet. For det andre er det i mine auge ei fallitterklæring, både i eit miljøperspektiv og i samferdsleperspektiv, å no skulle setje i gong ei storstilt utbygging av endå fleire parkeringsplassar midt inne i tjukkaste Oslo Sentrum. Eigarene av kontorbygga rundt Youngstorget burde i staden engasjere seg i korleis det kan verte enklare for brukarane av torget å kome seg til å frå ved hjelp av kollektivtransport. Men det er dei merkeleg nok ikkje opptekne av. Fleire parkeringsplassar er openbert tingen."

Comments: Legg inn en kommentar

<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?